ok. det finns mange nyttårsforsett. Eg skal ikkje skrive om slikt. Men eg skal skrive. Uansett. Eg er forsåvidt i gang. Sist var det Magda, no er det Rut. Det er ikkje rettferdig at Magda skal få einerett på sanninga, for kva er eigentleg sanning? Rut er ikkje berre slik Magda opplever henne, ho er langt meir. Og korleis skal ein vurdere eit menneske; er det kun her og no som gjeld, eller skal det vere summen av alle dei åra mennesket har levd? Og skal ein vurdere kun ut ifrå korleis det mennesket møter ein sjølv eller skal ein vurderere det utifrå korleis det same mennesket møter, eller ikkje-møter – om du vil –, born og ektefelle? Og kven kan eigentleg kunne hogge sanninga ut i stein, om ikkje forfattarar? Og kven i all verda kan makte og argumentere mot steinhoggaren når det allereie står der? Sjølvbiografisk, kva er vel det, og sanning, kva er vel det, og Knausgårds verkelege sanne historie, kva er vel det? Iscensetting og mytemaking, er ikkje det same side av same sak? Han skriv godt, no doubt, men for ei gong skuld er eg einig med Kjærstad.
Og det faktum at det vi trur og meiner er sanning berre er ein del av sanninga, og kanskje heilt feil framstilt. Som
Hamsun som alle trudde forlet nydelege Lulli, men så kan ein endeleg opne denne pakka som alle har greidd å vente med sidan ca 1890(!!), og så viser det seg at det ein trudde var slik og slik, ikkje var slik og slik likevel. Det er så herleg flott! Og så rørande brev at det er til å bli mo i knea av.
Og kva er det som vi er så overbevist over i vår tid, som om tja, 150 + år, vil bli avslørt som riv ruskande gale? Kanskje det ikkje er Knausgård som skriv bøkene sine sjølv! Det er sikkert ein person høgt oppe i ministeriet som ser på det som livsviktig å vekke den norske litterære verda, rive dei ut av søvngjengeriet og få dei til å tenke seg om, korleis det brukar livet sitt, korleis dei tenker og lever og pustar og skriv. Og så må denne manne som sit høgt i ministeriet bruke Knausgård som dekkperson, eller kva det no heiter, for det er ikkje riktig av ein tidlegare kulturminister (!!) å gi ut så gode og viktige bøker. Men det einaste han oppnår er denne taktfaste gjengen, som
Kjærstad nemner.
Kva gjorde eg no, gjekk eg rett inn i Knausgård/Kjærstad-debatten? Eg meiner ingenting, alle har rett og ingen har rett! I grunnen tek alle feil, for ingen grip tak i det verkelege spørsmålet; er det så viktig?
Så det er Rut.
Og det faktum at eg skriv. Om ikkje i Knausgård-tempo så i alle fall Nordal-tempo.
Og innimellom, som i dag, er det nok.