fredag 23. oktober 2009

mann i stiv dress på Sundre Torg …!

Full av fordommar, jadå. Full av herlege fordommar som vart bekrefta i formiddag, midt på Sundre Torg på Ål. Mann i stiv dress og flott frakk og flagrande skjerf kom viktig og korrekt ut frå Tingstugu (rådhuset), strena over vegen og bort til bilen sin. Eg rygga meg inn ein sideveg for å vente på ledig parkeringsplass og tenkte mitt. Innrømmer gjerne det. Smilte litt av både han og meg. Han hadde stor flott bil, slik bil ein gjerne må ha dersom ein skal køyre heilt opp til hytta ein fredag i oktober. 4-hjulstrekk og slikt, veit du. Eg venta med 2-hjulstrekken min og slagstøvlane og det grønne strikkaskjerfet mitt medan mannen rygga forsiktig forsiktig ut frå plassen sin. Han hadde veldig stor bil må du vite. 

Det var berre det. Bilen var registrert i Bærum. Men det betyr jo ingenting, bilen vår er også registrert i Bærum! Men eg lar det likevel bekrefte alle fordommane mine mot enkelte, og eg påpeiker enkelte hytteeigarar oppi her. 
Fæle greier. Det verste er at denne hendinga gjorde meg glad. 
Kva seier det om meg!?

1 kommentarer:

knirk sa...

Hm....her var det stille ja....
Er du der? Skriver du? Sitter du og ser på sola? Løper du?

Legg inn en kommentar